Ansettelse aktivitetsleder og klubbmedarbeider

Postet av Bjørn Anthony Halsall den 29. Jul 2024

Julianne skal leie den nye fotballsatsinga som skal hindre utanforskap

 Fotballgruppa har tilsett Julianne Topland Hillestad som ny aktivitetsleiar. Ho skal også vere klubbmedarbeidar i Otra IL i tillegg til jobben med å hindre utanforskap i ungdomsidretten.

Fotballgruppa lyste tidlegare ut ei stilling saman med Otra IL der 50 prosent er aktivitetsleiar i Otra fotball og 50 prosent er klubbmedarbeidar i Otra IL.

Leiar av fotballgruppa Andreas Engebrethsen fortel at dei var veldig spent og litt bekymra for om dei skulle få nok gode søkarar.

–Heldigvis var det mange søkarar til stillinga frå både nærområdet og resten av regionen, seier Engrebrethsen.

Full av lovord

Ein tilsetjingskomite bestående av Tony Halsall, Linn Moseid og Engebrethsen gjennomførte intervju med dei fire sterkaste søkarane.

–Alle gjorde eit godt inntrykk. Det var likevel ei samrøystes avgjerd å tilby stillinga til Julianne Topland Hillestad, opplyser han.

Tidlegare noregsmeister

Ho kjem opphaveleg frå Iveland og har ein bachelor i idrettsvitskap og master i folkehelse, er tidligare noregsmeister for junior på snowboard, og arbeider i dag for Midt-Agder Friluftsråd.

–Ho framstår som engasjert, positiv og sjølvstendig, med gode referansar og eit vinnande vesen. Eg er veldig glad for at Julianne skal starte opp arbeidet for fotballgruppa og Otra IL frå 15. august, og ser fram til å samarbeide med henne, seier Engebrethsen.

–Viktig brikke

Han seier Hillestad vil bli ei viktig brikke i arbeidet for å hindre at barn og ungdom av ulike årsaker fell utanfor samfunnet, og målet er at fotballgruppa skal bli ein sterk samfunnsaktør som bidrar til positive oppvekstvilkår i distriktet.

–Eg håpar og trur at prosjektet vil skape gode ringverknader i området, og auke delen av barn og unge som deltar i organisert idrett, enten det er fotball eller anna aktivitet, held han fram.

Pilotprosjekt

Fotballgruppa blei i vår vald til ein av seks pilotklubbar i Agder som skal arbeide mot marginalisering og utanforskap.



FOTBALL: Andreas Engebrethsen er svært nøgd med tilsettinga av Julianne Topland Hillestad.Foto: Olav Åsen Haugsgjerd

Prosjektet er finansiert av Sørlandsfotballens venner og leia av NFF Agder, der kvar av dei seks klubbane er lova midlar for ein fireårig 50-prosent stilling som aktivitetsleiar.


Limt inn fra Setesdølen

Olav Åsen Haugsgjerdolav@setesdolen.no




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Siste fra Bjørn Anthony Halsall